Sigrid Heiberg, utenrikspolitisk talsperson MDG. Appell foran Stortinget 8. desember.
Takk for oppmøtet.
Som alle som har budd i eit borettslag, eller eit sameie eller ei kva for helst slags villastrøk for den del, veit: godt naboskap kjem ikkje av seg sjølv. Fred krever kontinuerleg arbeid.
Norge er et lite land. Me er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til våre store naboar.
Den uthulinga av basepolitikken som dei blåblå dreiv med i åtte år, må snus.
MDG vil at Forsvaret skal konsentrere sin kapasitet om forsvar av landet, og bidra til å styrke sikkerheten i Europa og verda gjennom å delta i internasjonale fredsoppdrag - med folkerettslig forankring. Og så jobbar me for å finne realistiske og rettferdige løysingar på vår tids store, globale problem, fordi me meiner at fred er meir enn fravær av krig, og rettferdigheit og forebygging er den beste medisinen mot vald.
Ingen er tjent med væpna konflikt. Og Angrep er IKKJE det beste forsvar. Ikkje minst derfor er me opptatt at NATO skal vere det det er meint å vere: ein FORSVARSallianse.
Det verda treng no er ikkje fleire atomstridshoder og fleire rakettskjold. Det verda treng er nedrustning. Og akkurat no, la meg legge til: vaksinesolidaritet.
Det Norge ikkje treng, er å gi frå seg råderett over norsk territorium, og la amerikansk krigsindustri dure på akkurat som den vil. Avtalen legg i denne omgang opp til 4 såkalte “omforente områder” der USA kan få eksklusiv kontroll med heile eller deler av området. Denne delen av avtalen er aleine nok til at Stortinget bør sei nei.
Det Norge, USA og Russland treng no, er ikkje fleire tanks og meir nasjonalistisk og krigshissende retorikk. Det me treng, er fleire sykkelvegar, meir avspenning, meir dialog.
Tusen takk for at de engasjerer dykk i denne saka, og takk for meg.
Sigrid Heiberg 8. desember 2021