Ingrid Fiskaa, Stortingsrepresentant SV, Oslo 28. april
Fredsvenner. Demokrativenner.
Me lever i dramatiske tider. Det er krig i Europa. Fred er ikkje sjølvsagt – heller ikkje her. Sikkerheit og suverenitet er ikkje noko me kan ta for gitt.
Baseavtalen med USA handlar nettopp om dette: Sikkerheit og suverenitet. Forslaget skal behandlast av Stortinget om ganske kort tid, allereie 3. juni. Saka har ikkje fått den oppmerksomheita som ho fortener, og derfor er det så viktig at kvar og ein av dykk er her no.
Kjernen i avtalen er at Noreg gir frå seg råderett på norsk jord. Dei fire områda – Sola, Rygge, Ramsund og Evenes – vil vera område der ikkje norsk rett, men USA sine lover gjeld. Det vil vera område der norske styresmakter ikkje har full kontroll og fullt innsyn i det som skjer: militært personell, våpen, og kanskje fangar.
Det er å ta stor risiko, det er å gjera Noreg meir avhengige, det er å gi frå oss noko av den råderetten og suvereniteten som er grunnlaget for demokratiet vårt.
Det er eit stort alvor i dette. Derfor er det også alvorleg at me ikkje får ein ærleg debatt, og at tilhengarane av avtalen tyr til språklege triks og omskrivingar. Ein militærbase skal ikkje kallast med sitt rette namn, men eit «omforeint område». (Som altså er eit område til felles, omforeint bruk – med mindre USA bestemmer seg for å bestemma sjølv.)
Ord er viktige. Dei formar tanken. Derfor er det avgjerande at me brukar eit ærleg språk.
Avtalen blir også kalla «forsvarsavtale» og «tilleggsavtale». Det er ingen av delane. Det er ein baseavtale, som vil gjera Noreg til ein del av USA sitt verdsomspennande basenettverk, med 800 basar i 80 land. Minner om: Det er USA som har bedt om dette, det er ikkje i norsk interesse eller på norsk initiativ. Men regjeringa (den førre og den noverande) seier ja, fordi USA vil det.
«Noreg er jo NATO-medlem, og dette er ein naturleg del av å vera med i NATO», blir det sagt. NEI. Dette er ikkje ein NATO-avtale. Det er ein avtale direkte med USA, og han går mykje lenger enn tidlegare avtalar om våpenlagring og bruk av militære område.
Førehandslagring av våpen og system for mottak av allierte styrkar kan me ha utan denne avtalen. Det er ikkje spørsmålet her. Spørsmålet er kven som skal ha det siste ordet på desse basane. Kven si lov som skal gjelda.
Baseavtalen gjer ikkje Noreg sikrare, men meir avhengige. Og me veit ikkje kven som styrer USA om nokre år. Å knytta oss så sterkt til ei uforutsigbar stormakt er å ta stor risiko. Også med presidentar som ikkje er sprøe eller høgreekstreme, har stormakta USA og Noreg ulike interesser. USA vil dominera, Noreg vil leva i freda. USA går ikkje av vegen for å kriga, Noreg har ikkje interesse av å delta i dei krigane.
Så derfor: Takk til kvar og ein av dykk for at de er her, for at de vil seia i frå, for at de vil ta opp kampen for demokratiet og suvereniteten. Me skal gi dei kamp til døra, dei som vil ha denne avtalen, me skal ikkje gi dei fred – som dei fredselskande folka me er.